Page 1 of 1

Landstreff 2006 Stavanger

Posted: Sun 28 May, 2006 21:00
by Robert
For ein tur! For ei helg! Eg skal ikkje referere alt i detalj, det reknar eg med referenten ordnar på heimesida til klubben - og i Gasskula, men eg nemner berre:

Elgkarbonade med speilegg på ærverdige Dalen Hotel.
Suleskard i alt frå solskin, via regn til snøbyger.
D-modellar og CX'ar å kvile augene på både framom og i speglane.
Jæren i solskin.
Garasjebar m/parkering ved bardisken og live musikk frå scenekanten.
Og ikkje minst god stemning og trivelege citroenistar.

Eg gler meg alt til neste landstreff.

Nokre bilete har eg lagt ut her:

http://cx.zapto.org/gallery/Landstreff-CX-DS-2006

Tursjefen i fint driv på veg opp frå Dalen:

Image

Bergsaker's jagar Wahlin ned på andre sida, mens det ryk friskt frå bremsene... :) Det var nok fleire enn meg som var "høge" på ein eim av brende Ferodo-klossar. :lol:

Image

DS-klubben's redaktør "gir havre" på ei rettstrekke i sin fine DS 21:

Image

...mens Raddum "purla" på tomgong i leBastard for å halde fylgje med Schibsted's DS 23 Pallas:

Image

Ein kort stopp før siste "kneika":

Image

Schibsted nytta høvet til å fikle med nyinstallert elektronisk tenning:

Image

Eg har prøvd å disse ein Turbodiesel T2 før (Pål, eg håpar du hadde flatt jarn ned frå Oppdal i fjor... :wink: ), så eg heldt meg klokeleg bak Raddum.

Image

Vel over kulen hadde eg nok med å halde unna for disse:

Image

Vaulen var startpunkt for Jær-utflukt på fredagen. Oppstilling og fotografering av bilar før ein rundtur i vakkert landskap, og denne gong meiner eg at to av dei mest strøkne bilane var CX serie 2. Landmark og Barstads fine eksemplar får tale for seg sjølv. Dei har begge hatt bilane sidan dei var nye:

Image

Andre kuriositetar var til dømes Rasmussen's 1957 DS 19:

Image

Image

Livet som CX-pilot er til tider fordømt komfortabelt, eller kva - Raddum? :D :

Image

Tursjef Sandem's Prestige og Storløkkens Break kappast om å bleinkje mest i solskinet ute på Orre:

Image

Fredagen vart runda av med garasjefest til 20 i stil:

Image

At eg var mindre flink med kameraet i regnveret på laurdag gjer ikkje noko i grunn, for Bent Inge (arr.) har knipsa vilt heile helga og synte fram byrjinga på ein DVD etter festmiddagen i går. Det blir årets film for min del! Vakkert! Vakkert!!! Er nok fleire med meg som gler seg til ein kopi av den dukkar opp i postkassa. Utruleg bra tiltak og svært bra utført! Vel blåst, Stavanger!

...og Prestigen? 1. klasses transport tur/retur Oslo/Stavanger. Trur ikkje dei hadde det stort betre i DS :)

Posted: Sun 28 May, 2006 22:04
by Robert
Andre deltakarar kan sikkert supplere med fleire detaljar og foto. :)

Re: Bilder fra landstreff

Posted: Sun 28 May, 2006 22:13
by s.bjelke
Robert wrote: ...og Prestigen? 1. klasses transport tur/retur Oslo/Stavanger. Trur ikkje dei hadde det stort betre i DS :)
Skriver du altid på dialekt? Har liksom bare aldri merket det før.... :P


Uansett, virker som en utrolig fin tur! Dalen hotell er absolutt en av norges vakreste hoteller, er ganske misunnelig nå....
Gleder meg til flere bilder og detlajert beskrivelse.

Re: Bilder fra landstreff

Posted: Sun 28 May, 2006 22:19
by Robert
s.bjelke wrote: Skriver du altid på dialekt?
Det er nok ikkje dialekt, men nynorsk - som eigentleg er mitt skriftspråk. Men etter 12 år i Oslo har det vorte meir og meir bokmål. :wink:

Posted: Sun 28 May, 2006 23:22
by pål
Jeg gremmes for ikke å ha vært delaktig, detta så skikkelig ålreit ut. Får komme sterkere tilbake senere.
Eg har prøvd å disse ein Turbodiesel T2 før (Pål, eg håpar du hadde flatt jarn ned frå Oppdal i fjor... Wink ), så eg heldt meg klokeleg bak Raddum.
Må nok dessverre skuffe deg der, har nok litt mer :wink:
Selv "disset" jeg en MB250TD sør for Hamar idag (2-felt oppoverbakke) han klarte ikke å henge på når jeg nærmet meg 180kmt, blei nok snurt for han kjørtre helt idiot etterpå med den ene hasardiøse forbikjøringen etter den andre. Nei, man gjør nok lurt i å ikke "disse" en frisk TRD T2 om en ikke vet hva man har selv og hva som bor i den gamle franske :wink:

Posted: Mon 29 May, 2006 09:42
by skeken
Takk for flott beskriving og über-flotte bilder, makan! :o :D Image

Posted: Mon 29 May, 2006 10:14
by Citrusen
Eg har lagt merke til at du skriv på dialekt au, somme tider Robert.(MSN) :wink:

Det var ulikeleg mykje fint å sjå og eg håper det kjem fleire bilete og info i frå treffet.

Posted: Mon 29 May, 2006 13:11
by Black Lemon
For et syn. DSene tar kaka. Der skulle vi ha vøri, men vi hadde visning på leiligheten vår i helgen og kunne ikke komme i fra det.

Hekken på DS er et designikon!

Posted: Tue 30 May, 2006 00:12
by jonsto
Som Robert skriver: Vel blåst Stavanger. Siden det er CX Klubben som skal være arrangør til neste år hørte jeg Kristian mumle noe om at "det blir som å hoppe etter Wirkola". :D En utfordring som bør taes på strak arm.
Ellers så hadde jeg selv en fantastisk tur tilbake. Har aldri sett så mye Norge fra innsiden. Kjørt minst 10 mil i tunell. :wink: :D Var hjemme i kveld i 2100 tiden.
Mvh