CX Break 25D -84

Store og små CX prosjekter.

Moderator: moderator

radovan
Posts: 295
Joined: Tue 09 Feb, 2010 23:13
Location: Hornindal

Re: CX Break 25D -84

Post by radovan »

Har ein tam seljar som køyrer rundt i distriktet her og prøvar seg stadig vekk. Men du kan jo sjå her: http://www.relekta.no/

Trur det kom på 12-1300 kroner, altså ikkje direkte billeg.

Men kassa vart ein heil del betre, spesielt når ein girar opp. Nedover kan det enno bli litt tannpuss om ein ikkje dobbelkløtsjar, men det er ikkje verre enn at kona no kan bruke bilen og då var det jo verd det når alt kjem til alt. :D
Erling Brendefur
radovan
Posts: 295
Joined: Tue 09 Feb, 2010 23:13
Location: Hornindal

Re: CX Break 25D -84

Post by radovan »

Har fått ein lekkasje på eit bremserør, det som går til venstre framhjul. Det er jo ein kort og grei stubb, så kanskje eg kan lage det til sjølv?

Har ein rull med bremserør i kopar og eit lite verktøysett frå Biltema som er tiltenkt slikt. Er det nokon grunn til at det ikkje skulle gå? Fransk bil er jo ikkje alltid likt svensk bil.
Erling Brendefur
jonsto
Posts: 5625
Joined: Thu 13 Nov, 2003 19:42
Location: Surnadal
Contact:

Re: CX Break 25D -84

Post by jonsto »

IKKE prøv på det. Kobberrør holder ikke. Det må være kobbernikkel. Og flensene er helt annerledes på Citroen. Røret er "stuket" på utsiden av nippelen. Hvis du ser her: viewtopic.php?f=3&t=2824 så finner du priser på rør som jeg lager. Da får du også med nye pakninger.
Eller du kan få kjøpt en slik skjøt.
Image
Men anbefaler å bytte røret.
radovan
Posts: 295
Joined: Tue 09 Feb, 2010 23:13
Location: Hornindal

Re: CX Break 25D -84

Post by radovan »

Vart jo ikkje akkurat overraska der. ;)
Takk for opplysningane, Jon. Var akkurat på veg ut for å sjå på det, så der sparte eg meg litt bry.

Sender deg ein pm med bestilling.
Erling Brendefur
radovan
Posts: 295
Joined: Tue 09 Feb, 2010 23:13
Location: Hornindal

Re: CX Break 25D -84

Post by radovan »

Har akkurat fått på nye bremserør og bremseslangar framme. Er snart eit heilt år på etterskudd med etterkontroll, og må nok starte frå scratch igjen med ny PKK. Kan nok likevel vere lurt å ta det eg fekk påpakning for sist, så slepp eg kanskje å måtte vise bilen på ny etterkontroll når eg endeleg kjem så langt.

Takk til Jon for rørproduksjon og nygammal baklykt. Den er og på plass og det ser mykje betre ut allereie. :D
Erling Brendefur
radovan
Posts: 295
Joined: Tue 09 Feb, 2010 23:13
Location: Hornindal

Re: CX Break 25D -84

Post by radovan »

Tok av parkeringsbremsmekanismene sidan dei ikkje akkurat såg tillitsvekkande ut. Dei fekk ligge i diesel nokre døgn og så klarte eg å få nokonlunde normal bevegelse i dei.

Det var med nokre deler då eg kjøpte bilen, blant anna nye bremseklossar til park.brems. Dei var pussig nok ein halv millimeter større i diameter enn dei gamle, så eg måtte pusse dei litt for å få dei på plass.

Så var det å montere saman mikkmakket, noko så innmari til justeringsgreier på dette. Håpar det var brukbart. Nye klossar og vaierar og nyoppsmurt mekanisme høyrest iallfall bra ut.
Erling Brendefur
radovan
Posts: 295
Joined: Tue 09 Feb, 2010 23:13
Location: Hornindal

Re: CX Break 25D -84

Post by radovan »

Det er litt slark i dørhengslene på førardøra, og eg reknar med det berre er å slå ut rørsplintane og erstatte dei med nye?

Nokre spesielle triks eg burde vite om?
Erling Brendefur
radovan
Posts: 295
Joined: Tue 09 Feb, 2010 23:13
Location: Hornindal

Re: CX Break 25D -84

Post by radovan »

Minuset med å legge spørsmål i ein prosjekttråd er at det ikkje alltid blir så mykje svar. Er vel kanskje ikkje så mange som les det eg legg inn her. Men eg brukar tråden som notatblokk slik at eg veit kva som er gjort og når, så det blir vel ikkje tidenes mest spektakulære lesestoff heller.


Men i dag var eg ute for noko merkeleg.

Bilen sto på bukkar, dvs vedkubbar, for å vere airborne ved bremsearbeid. Etter det var ferdig ville eg ha på piggdekka, men då eg skulle ha av sommarhjula bak og kalte inn kona til å halde nede bremsepedalen (for å kunne skru ut hjulboltane) fekk eg meg ein liten støkk. Bakhjula snurra lystig då eg kom med hjulkrysset, bilen berre hang der på buken med alle hjul i veret med absolutt ingen bremser bak.
Framme var dei heilt fine.

Det var store nok opningar i felgane til at eg kom til lufteniplane, men ingenting kom ut. No var goddyra rå, og eg visste ikkje heilt kva ende eg skulle sjå på.

For å få av hjula la eg klossar under dei, starta bilen og heva han maks. Tanken var sjølvsagt at då ville dei ta ned i golvet og eg kunne få opp skruane.

Og då kom spruten ut av den framleis opne lufteskruen på bakhjulskalipperen.

Er dette ein eller annan automatikk for å prioritere trykk til framhjula ved kriser, eller er det andre grunnar til manglande bakbremser når bilen ligg nedpå?
Erling Brendefur
hl
Posts: 857
Joined: Sun 18 Sep, 2005 12:13
Location: S&Fj
Contact:

Re: CX Break 25D -84

Post by hl »

Image
Bakbremsene hentar trykk frå fjøringen bak.
Når du skal lufta bakbremsene må bilen stå i øverste stilling.
radovan
Posts: 295
Joined: Tue 09 Feb, 2010 23:13
Location: Hornindal

Re: CX Break 25D -84

Post by radovan »

Dette var eg ikkje klar over, men så har eg jo berre overfladisk kjennskap til hydraulikksystemet på CX. Takk for tipset! :D

Eit nytt lite spørsmål: No har eg som sagt meir eller mindre overhalt parkeringsbremsene. Likevel er det berre middels funksjon på dei. Skal ikkje vere så veldig bratt før bremsene ikkje held. Har prøvd å slite dei til litt, men ikkje noko betring.

Korleis får eg dei til å "bite"?
Erling Brendefur
hl
Posts: 857
Joined: Sun 18 Sep, 2005 12:13
Location: S&Fj
Contact:

Re: CX Break 25D -84

Post by hl »

Image
Dra til handbremsene og sjå etter at dei strammar jamnt attmed gasspedalen. Du justerer med muttarane på enden av vaierane.
Image
Når du strammar: vri alltid 11 (4 stk) med klokka sett bakanfrå.

Image
Dersom leamikken er slarkete må du stramma han opp. Evt. ved å klippa til tynne stoppskiver slik at dei ser ut som ein c og banka dei på plass. (Det vil ogso hindra at leamikken skrapar borti lettmetallfelgar.)
Last edited by hl on Wed 19 Nov, 2014 13:21, edited 1 time in total.
radovan
Posts: 295
Joined: Tue 09 Feb, 2010 23:13
Location: Hornindal

Re: CX Break 25D -84

Post by radovan »

Det rare er at eg synest eg har fått mekanismen til ganske bra. Det er akkurat passeleg med slark, nok til at ting rører seg lett, men heller ikkje meir, og stramminga verkar for å vere temmeleg bra innstilt. Armane som pressar på bremseklossane ligg nesten innåt, men har ein millimeter å gå på. Og strammeskruar og slikt er ganske bra justert.

Likevel får eg ikkje skikkeleg bremseeffekt.


Kvifor skal mutterane strammast den eine og ikkje den andre vegen, forresten? Eg tok ikkje noko omsyn til slikt, sidan eg ikkje visste om det, men eg passa på at ingenting sto fast eller kom i klem.
Erling Brendefur
hl
Posts: 857
Joined: Sun 18 Sep, 2005 12:13
Location: S&Fj
Contact:

Re: CX Break 25D -84

Post by hl »

radovan wrote:Kvifor skal mutterane strammast den eine og ikkje den andre vegen, forresten?
Det er vel avdi ingen av boltane er links, og for at dei ikkje skal skru seg opp. Stram dei 75 Nm, og som sagt muttarane med klokka.
Du må stramma heilt innåt (fyrst på utsida). Vri på bremseskiva for å kjenna etter at du ikkje har stramma for mykje.
Den vetle stillskruen skal eigentleg ogso justerast, men har vel vanlegvis rusta fast.
radovan
Posts: 295
Joined: Tue 09 Feb, 2010 23:13
Location: Hornindal

Re: CX Break 25D -84

Post by radovan »

Vesleskruane mine var heilt lause og fine, la som sagt heile kostebinderiet i diesel nokre dagar for å rense opp litt. Men har litt problem med å sjå heilt kva dei skal brukast til. :oops:
Erling Brendefur
hl
Posts: 857
Joined: Sun 18 Sep, 2005 12:13
Location: S&Fj
Contact:

Re: CX Break 25D -84

Post by hl »

Skru dei heilt inn før justering, og skru ut til dei støyter borti caliperen og lås med låsemuttaren etter justering.
Post Reply