CX Break 25D -84

Store og små CX prosjekter.

Moderator: moderator

jonsto
Posts: 5625
Joined: Thu 13 Nov, 2003 19:42
Location: Surnadal
Contact:

Re: CX Break 25D -84

Post by jonsto »

Hvilke lange bolter er det du har? Husker ikke om du har originale alu felger. I så tilfelle er ikke boltene koniske. Jeg kan godt sende deg et sett + 5 ekstra av de riktige boltene. Prisen blir portoen.
Hvilke hjulkapsler er originale på din da?
I følge Haynes tar hydraulikksystemet ca. 4 liter.
radovan
Posts: 295
Joined: Tue 09 Feb, 2010 23:13
Location: Hornindal

Re: CX Break 25D -84

Post by radovan »

Det er neppe originale felgar og boltane er koniske. Du treng ikkje sende meg noko enno, for om dei lenger boltane passar har det jo ikkje noko hastverk. Sikkert eitkvart anna eg treng ein dag og vi kan ta det då. Takk for tilbodet, forresten.

Veit ikkje kva hjulkapslar som evt stod på min bil som ny, men det er jo ein -84 og eg reknar med det gir ein viss peikepinn?
Uansett må det bli penare enn smårusta og skitne stålfelgar...

Korleis er det meininga av ein skal løyse hjuldeksel? Karosseriplatene "over" bakhjula? Skal ein skru ut den skruen som står i bakkant av bakdøropninga?
Erling Brendefur
jonsto
Posts: 5625
Joined: Thu 13 Nov, 2003 19:42
Location: Surnadal
Contact:

Re: CX Break 25D -84

Post by jonsto »

Hvis det er bolter for alu felg er det ikke alltid samme vinkelen på konen, men bare si fra du om du vil ha bolter.
Hjuldekslet er festet med den skruen du nevner ja. Og så er det en "pik" i bakkant som du drar ut når du tar dekslet ned.
radovan
Posts: 295
Joined: Tue 09 Feb, 2010 23:13
Location: Hornindal

Re: CX Break 25D -84

Post by radovan »

Den skruen til hjulplatene var iallfall heilt umogeleg å rikke, så det vart til at eg måtte bøye plata forsiktig og lirke henne ut. Det gjekk heilt fint.

Men eg fekk ikkje tid til å begynne med Hydroflush no. Ser ut til at bremser og øvrig hydraulikk fungerer fint utan lufting, iallfall på den vesle prøveturen eg hadde nettopp. Det som ikkje er så bra er at sjølv om det ser ut til at fuktproblemet er vesentleg redusert er det framleis eit skoddehav i kupeen. Håpar det blir betre. I tillegg vart det berre kaldluft frå vifta halvvegs på turen, så det er sikkert luft i kjølesystemet som må ut.

Og ja, no er eg begynt å bli lei.
Erling Brendefur
radovan
Posts: 295
Joined: Tue 09 Feb, 2010 23:13
Location: Hornindal

Re: CX Break 25D -84

Post by radovan »

Dagens oppdatering: Bilen står med vifteomn inni og tørkar opp så godt det lar seg gjere. :?
Erling Brendefur
hl
Posts: 857
Joined: Sun 18 Sep, 2005 12:13
Location: S&Fj
Contact:

Re: CX Break 25D -84

Post by hl »

radovan wrote:Dagens oppdatering: Bilen står med vifteomn inni og tørkar opp så godt det lar seg gjere. :?
Det er blautt under golvmattene?
radovan
Posts: 295
Joined: Tue 09 Feb, 2010 23:13
Location: Hornindal

Re: CX Break 25D -84

Post by radovan »

Nja, det er vel hovudsakleg på høgre sida framme etter all kjølevæska som har plaska ut av varmeapparatslangane. :shock:
Trur ikkje det er noko anna væte i golvet no, men så har bilen stått under tak eit par veker - så kven veit kva som kan skje etterkvart?
Erling Brendefur
hl
Posts: 857
Joined: Sun 18 Sep, 2005 12:13
Location: S&Fj
Contact:

Re: CX Break 25D -84

Post by hl »

Image
I tillegg til vifteomnen kunne det kanskje ogso vera lurt å setja inni nokre fuktslukarar.
radovan
Posts: 295
Joined: Tue 09 Feb, 2010 23:13
Location: Hornindal

Re: CX Break 25D -84

Post by radovan »

Er dette noko eg kan få tak i på Coopen eller liknande handelsbuder?
Erling Brendefur
hl
Posts: 857
Joined: Sun 18 Sep, 2005 12:13
Location: S&Fj
Contact:

Re: CX Break 25D -84

Post by hl »

Eg kjøpte mine på Biltema, men vil tru du ogso får tak i på jernvarebutikkar o.l.
epifant
Posts: 108
Joined: Sat 05 Jun, 2010 13:54
Location: Kristiansand

Re: CX Break 25D -84

Post by epifant »

Det skal visstnok være mulig å lage seg en durabelig Torrbolle selv. Virkemiddelet er kalsiumklorid, og Jula selger stoffet i 4kilos bøtter for 99,- :wink:

Image
Thomas Thorstensen
-84 CX 25 TRi Break
radovan
Posts: 295
Joined: Tue 09 Feb, 2010 23:13
Location: Hornindal

Re: CX Break 25D -84

Post by radovan »

Det skal eg ha i minne neste gong eg er på Jula! :-)
Erling Brendefur
radovan
Posts: 295
Joined: Tue 09 Feb, 2010 23:13
Location: Hornindal

Re: CX Break 25D -84

Post by radovan »

Så kom det ein dag med ein litt lenger tur... Heldt på å fryse skvett ihel. :shock: Her må nok eitt eller annan takast opp att, for ikkje snakk om at det kan vere luft i systemet no. Har ein mistanke om at det varmeapparatkranen eg monterte inn som hindrar den åreforkalka væskestraumen. Håpar det blir nok med å ta ut dashbordet og bytte ut slangen med kran på med ein utan.

Verre er det at batteriet var flatt då eg kom heim. Dynamoen er jo flett ny, men kabelskoen som skal ned på flatstiften (på dynamoen) er slarkete og eg måtte fram i motorrommet for å sjekke då ladelampen blinka undervegs. Men det var jo kjapt fiksa, så kva det er no som er feil må fuglane vite.
Erling Brendefur
hl
Posts: 857
Joined: Sun 18 Sep, 2005 12:13
Location: S&Fj
Contact:

Re: CX Break 25D -84

Post by hl »

radovan wrote:...kabelskoen som skal ned på flatstiften (på dynamoen) er slarkete og eg måtte fram i motorrommet for å sjekke då ladelampen blinka undervegs.
Dersom det ikkje er kontakt på denne leidningen vil ladelampen ikkje lysa og batteriet vil ikkje få lading. So dersom denne leidningen no er i orden att burde alt fungera etter ein batterilading. Du kann jo ogso sjekka kontaktane på og ved batteriet.
radovan
Posts: 295
Joined: Tue 09 Feb, 2010 23:13
Location: Hornindal

Re: CX Break 25D -84

Post by radovan »

Eagle-eye Helge såg sjølvsagt rett, leidninga hadde hoppa av igjen. Klemde saman kabelskoen og tvinga han nedpå og vips! ser det ut til at det fungerer igjen. :-)

Tilførselslangel til varmeapparatet er no utan kran igjen og bilen står no og går for å få sjekka sirkulasjon og varme. Så får vi sjå. Det blir utan tvil oppdatering her i bilbloggen min! :mrgreen:
Erling Brendefur
Post Reply