LHM-flodbølgje
Posted: Wed 29 Jun, 2005 12:52
Først ei lita tsunami-historie frå i går kveld: Skifta bakre gasskuler, og ved trykktesting skjedde følgjande: Først på normal kjørehøgd: Alt ok. Høg stilling: Alt OK. Så i toppstilling: Heile Vøringsfossen kom opp gjennom den tjukkaste returslangen med resultat at slangen hoppa ut av T-stykket under bilen og garasjen var erklært katastrofeområde. Hadde altså ikkje skifta anna enn kula.
I dag har eg dissikert dyret og funne ut at sylinderen er ok, noko som ikkje overraska meg. Svaret låg i mellombolten sitt endeledd, altså det som er festa i berearmen: Det var knekt, og bolten hadde gått ut gjennom gummibelgen, og då gjekk stempelet ut av sylinderen.
Skjer dette ofte? Er dette ein reservedel å ha med på tur??