![:-) :)](./images/smilies/icon_e_smile.gif)
Først litt om bilen, sjølv om nokre sikkert har lese om han før, dette er salsannonsa frå eit anna forum, og det står mykje relevant der: http://phpbblazzaroni.webcomputing.no/v ... f=7&t=5068
Eg nattbussa opp til Trønderland for nokre dagar sidan og køyrde han heim. Dei knallharde seta på nattbussen hadde nesten øydelagt meg, og det var godt å sige ned i CX-putene. Måtte sove ein time i baksetet ein stad på Dovrefjell. Mjukt og godt. :D
Første inntrykk av bilen var at han gjekk heilt utruleg godt. Ufatteleg til skyv i ein såpass liten motor, og rimeleg på dieselen er han og. Negativt er at girkassa er litt dårleg. Ein gong må ho sikkert overhalast, men no driv eg og lærer meg dobbelklutsjing. Sidan eg har hatt gammal Land Rover med usynkronisert 1. og 2. gir har eg prøvd det før.
![Razz :P](./images/smilies/icon_razz.gif)
Apropos klutsjen, den må heilt i golvet før den koplar ut, men den startar å slure når eg berre har trakka pedalen ned eit lite stykke. Synest ikkje det heng heilt saman? Dette er vel neppe noko kjent CX-fenomen?