Ein må jo halde trykket oppe! :D
Måtte ein tur til Sykkylven på tirsdag for å hente eit kjøleskåp og då måtte eg bruke Sølvpilen (ja, har fått namn
![:-) :)](./images/smilies/icon_e_smile.gif)
) fordi det regna og eg ikkje gadd å bruke hengar med presenning som berre bles av og rivnar. Turen var gjennomført med termodress, kalde tær og varmeapparatet på full kuldeblås.
I går fekk eg tid til å løyse dei to skruane Helge gjorde meg merksam på, fekk ut hanskerommet og sida på midtkonsollen. Ein ting er iallfall sikkert og det er at det er lekkasje allereie der kjølevasslangane går inn på varmeapparatet. Så der kjem dammen i golvet framme på høgre sida frå. Sannsynlegvis er det berre slangeklemmene som strammar for lite, men før eg gjer noko meir skal eg starte bilen og la han gå ei stund slik at eg får studert det i detalj. Tvilar på at all dampen opp på ruta kjem derfrå, rett nok...
![:-( :(](./images/smilies/icon_e_sad.gif)