Landstreff 2006 Stavanger
Posted: Sun 28 May, 2006 21:00
For ein tur! For ei helg! Eg skal ikkje referere alt i detalj, det reknar eg med referenten ordnar på heimesida til klubben - og i Gasskula, men eg nemner berre:
Elgkarbonade med speilegg på ærverdige Dalen Hotel.
Suleskard i alt frå solskin, via regn til snøbyger.
D-modellar og CX'ar å kvile augene på både framom og i speglane.
Jæren i solskin.
Garasjebar m/parkering ved bardisken og live musikk frå scenekanten.
Og ikkje minst god stemning og trivelege citroenistar.
Eg gler meg alt til neste landstreff.
Nokre bilete har eg lagt ut her:
http://cx.zapto.org/gallery/Landstreff-CX-DS-2006
Tursjefen i fint driv på veg opp frå Dalen:
Bergsaker's jagar Wahlin ned på andre sida, mens det ryk friskt frå bremsene... Det var nok fleire enn meg som var "høge" på ein eim av brende Ferodo-klossar.
DS-klubben's redaktør "gir havre" på ei rettstrekke i sin fine DS 21:
...mens Raddum "purla" på tomgong i leBastard for å halde fylgje med Schibsted's DS 23 Pallas:
Ein kort stopp før siste "kneika":
Schibsted nytta høvet til å fikle med nyinstallert elektronisk tenning:
Eg har prøvd å disse ein Turbodiesel T2 før (Pål, eg håpar du hadde flatt jarn ned frå Oppdal i fjor... :wink: ), så eg heldt meg klokeleg bak Raddum.
Vel over kulen hadde eg nok med å halde unna for disse:
Vaulen var startpunkt for Jær-utflukt på fredagen. Oppstilling og fotografering av bilar før ein rundtur i vakkert landskap, og denne gong meiner eg at to av dei mest strøkne bilane var CX serie 2. Landmark og Barstads fine eksemplar får tale for seg sjølv. Dei har begge hatt bilane sidan dei var nye:
Andre kuriositetar var til dømes Rasmussen's 1957 DS 19:
Livet som CX-pilot er til tider fordømt komfortabelt, eller kva - Raddum? :D :
Tursjef Sandem's Prestige og Storløkkens Break kappast om å bleinkje mest i solskinet ute på Orre:
Fredagen vart runda av med garasjefest til 20 i stil:
At eg var mindre flink med kameraet i regnveret på laurdag gjer ikkje noko i grunn, for Bent Inge (arr.) har knipsa vilt heile helga og synte fram byrjinga på ein DVD etter festmiddagen i går. Det blir årets film for min del! Vakkert! Vakkert!!! Er nok fleire med meg som gler seg til ein kopi av den dukkar opp i postkassa. Utruleg bra tiltak og svært bra utført! Vel blåst, Stavanger!
...og Prestigen? 1. klasses transport tur/retur Oslo/Stavanger. Trur ikkje dei hadde det stort betre i DS