86 CX 25 TRi (break série 2) selges

Her kan du finne CX'er til salgs

Moderator: moderator

Post Reply
webmaster
Site Admin
Posts: 141
Joined: Wed 17 Sep, 2003 12:52

86 CX 25 TRi (break série 2) selges

Post by webmaster »

Min gode og pålitelege arbeidskamerat "Storegutt" gjennom 19 lukkelege og skadefrie år fyller diverre ikkje lenger rollen som dagleg yrkesbil. Etter som eg har tre andre Citroen'ar, av desse ein veteran-Citroen frå 1968, har eg diverre ikkje plass eller kapasitet til å ta meg av han lengre, serleg etter som eg ikkje kan sveisa sjølv.

Storegutt er CX 25 TRI type 2 stasjonsvogn, 1986 modell 1985 registret, 240' kilometer, ein eigar, "lykkenummer" BC 61777.

Han har levd i ein velståande familie, alle servicar ved Bøhm Auto i Oslo, alltid ein mindre bror til å ta småkøyringa. Han har aldri kollidert, aldri retta opp, eller omlakkert.

Lakken, grønn papyrus, er temmeleg medteken, der er mykje platerust, og litt glasfiber. Men det maskinelle og dei berande konstruksjonane er intakte i fylgje NAF driftstest 24. september 03 på Kolbotn. EU-godkjent ved Bøhm Auto des. 03.

Bilen går i dagleg drift med skilt, forsikring og årsavgift betalt. Der fylgjer med 14 komplette hjul, lettmetall, stål, lågprofil, normalprofil, vinterhjul, og lastberarar.

Har høyrt hos brukthandlar at EU-godkjende og registrerte bilar går for omlag 5000,- Eg vil fyrst tilby om nokon i klubben er interessert. 5000,- for vel eit års lovleg køyring, mogeleg vidare liv, og i alle høve masse gode motordelar. Bilen går på Nesodden ved Oslo.

Magnus Robberstad, magnuskr@online.no, tlf 66 91 27 95, mob. 90 03 44 77, faks 66 91 27 96
Magnus
Posts: 5
Joined: Fri 19 Mar, 2004 00:02
Location: 1453 Bjørnemyr

1986 CX 25 TRI break

Post by Magnus »

Det ser ut som om dei fleste i klubben er i same situasjon som meg, med velhalden bil som er maskinelt god, men der rusten har reist seg som eit trugsmål. Folket treng altså bra karosseri, og ikkje bra motordeler.
Eg har derfor lagt Storegutt ut til sal på den åpne marknaden, han står nå på TT-bil i Lillestrøm for 5000 kroner. Som Tallak sa det, der er alltids nokon som treng ein billegbil ein berre kan setja seg inn i og køyra lovleg utan meir arbeid eller formalitetar. Eg har bede han hefta på ei oppmoding om å tilby klubben bilen for vrakpris, når eller om han blir vraka.

magnus
Citroen Dyane 6 1968, BX 19 4x4 1991, C5 2,2 HDI 2003.
Magnus
Posts: 5
Joined: Fri 19 Mar, 2004 00:02
Location: 1453 Bjørnemyr

Post by Magnus »

Denne bilen gjekk som vanleg bruktbil for kr. 5000,- til ein mann frå Vormsund med sveiseapparat. Han ville ha ein solid og trafikksikker bil nr. 2 til kone og 3 born, og så finna seg i å sveisa ein del. Men han lova å tilby klubben bilen som delebil til vrakpantpris, dersom han kom til å vraka han.

magnus (Dyane 6 1968, BX 19 4x4 1991, C5 2,2HDI 2003, Xsara 2,0HDI 2001)
magnus. Dyane 6 1968, CX 25 TRI 1986, BX 19 4x4 1991, C5 2,2HDI 2003
citro1cx
Moderator
Posts: 3748
Joined: Mon 15 Dec, 2003 20:15
Location: trondheim
Contact:

Post by citro1cx »

det varmer nok mangt et ømt cx hjerte å få høre :D
Litt over middels interessert i Citroën cx!
Post Reply